Forvaltningskontoret

Forvaltningskontoret er kommunens koordinerande eining.

Besøksadresse:

Forvaltningskontoret Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim 

Kontordagar tysdag, onsdag og fredag.

Postadresse:

Austrheim kommune
Forvaltningskontoret
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Telefon: 56 16 20 00
E-post: post@austrheim.kommune.no

 

Tenester som kan søkjast om hjå forvaltningskontoret:

  • Middagslevering
  • Dagtilbod
  • Tryggleiksalarm
  • Fritidskontakt
  • Heimehjelp og miljøarbeid
  • Helsetenester i heimen - Heimesjukepleie
  • Kvardagsrehabilitering
  • Omsorgsbustad
  • Institusjonsopphald: Avlastingsopphald, korttidsopphald og langtidsopphald
  • Tilrettelagt butilbod psykisk helse
  • Anna

Forvaltningskontoret tilbyr og førebyggande heimebesøk for dei som ynskjer det, i aldersgruppa over 75 år.

Trykk her for å laste ned søknadsskjema for pleie- og omsorgstenester.

Du må senda ei skildring av behovet ditt og grunngjeving av kvifor du søkjer til Austrheim kommune som vedlegg. 

Lever søknaden og vedlegga på Servicekontoret på kommunehuset, til Forvaltningskontoret på kommunehuset, eller bruk postadresser lista over.

 

Korleis førebyggje i eigen heim:

  • Rydde vekk tepper – unngå snublekantar
  • Bytte ut svake lyspærer med sterkare lyspærer – og på utelamper
  • Bruke leselampe til handarbeid og anna
  • Sette opp nattlys på badet
  • Bruke klokker som er store og som viser tida tydeleg
  • Montere ekstra handtak på badet, i trapper og andre aktuelle stader. Bruk gripevenleg handtak
  • Montere antiskli-list i trapper
  • Søke om hjelpemidlar i god tid, til dømes rullator for å gå til butikken eller dusjstol for å bli tryggare når du dusjar
  • Ha salt eller sand tilgjengeleg for strøing ved is og snø
  • Bruk stødige innesko
  • Tenk brannsikkerheit – kontroller røykvarslarar, ha brannteppe og pulverapparat/brannslange tilgjengeleg

Sist oppdatert: 16.03.2022
Publisert: 10.03.2022