Barnekoordinator - individuell plan
Individuell plan
Individuell plan skildrar korleis tenestene du treng skal virke saman slik at du får heilheitleg oppfølging. Planen skal ta utgangspunkt i dine behov, ynskjer og mål. Du er sjølv med på å utarbeide planen. Du får tildelt ein koordinator som skal sikre framdrift i arbeidet med din individuelle plan.
Sentrale spørsmål:
- Kva er viktig for deg?
- Kva skal til for at du når dine mål?
- Kven skal bistå deg, når skal det gjerast og korleis?
Koordinator
Koordinator skal sørgje for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbodet ditt og framdrift i planarbeidet. Om du ikkje ynskjer å få utarbeida ein individuell plan, kan du likevel få utnemnd ein koordinator, dersom du mottek helse- og omsorgstenester.
Om du har eit ynskje om kven som kan vere koordinator, vil vi forsøke å imøtekomme dette. Koordinator skal saman med deg skildre dine ynskjer, behov og mål og prioritere desse.
Barnekoordinator
Barnekoordinator kan tildelast familiar som har eller ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller funksjonsnedsetting og som har behov for langvarige og samansatte eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester. Ein barnekoordinator skal sørgje for at tenestetilbudet vert heilheitleg og koordinert. Rett til barnekoordinator gjeld fram til 18 år.
En barnekoordinators oppgåver kan være:
- Å sørgje for at du og ditt barn får nødvendig informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstilbod og andre velferdstenester.
- Å bidra til at hjelpeinstansane rundt deg og ditt barn samarbeidar og sikrar god framdrift i samarbeidet.
- Å sikre god informasjonsflyt mellom deg/ditt barn og hjelpeinstansar.
- Å lede ei samarbeidsgruppe og arbeid med individuell plan.
Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering administrerer individuell plan, koordinator og barnekoordinator
Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering skal bidra til å sikre heilheitlege og koordinerte tenester til brukarar som har behov for tenester frå fleire områder.
Koordinerande eining har overordna ansvar for arbeid med individuell plan og utnemning, opplæring og rettleiing av koordinator/barnekoordinator.
Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda i kommunen. Dei vil kunne gjeve informasjon og rettleiing og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering.
Du kan kontakte koordinerande eining dersom du har spørsmål om individuell plan, koordinator/ barnekoordinator og habilitering og rehabilitering.
Kontaktinformasjon:
Besøksadresse:
Tildelingstenesta Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Kontoret er ope måndag, onsdag og fredag, frå 08.00 - 15.00 desse dagane.
Postadresse:
Austrheim kommune
Tildelingstenesta
Sætremarka 2
5943 Austrheim
Telefon: 56 16 20 00
E-post: post@austrheim.kommune.no
Barnekoordinator for Austrheim, Fedje og Masfjorden
Kommunane Austrheim, Fedje og Masfjorden samarbeider om denne tenesta. Barnekoordinator for desse kommunane er:
- Trine Pedersen Hodneland
- E-post: trine.pedersen.hodneland@austrheim.kommune.no
- Tlf: 56 16 20 00 til sentralen
- Tilgjengeleg 08.00-15.30, måndag til fredag
Lover og forskrifter
Pasient- og brukarrettigheitslova § 2, klikk på denne lenka for å komma til nettsida til Lovdata: Lov om pasient- og brukerrettigheter (pasient- og brukerrettighetsloven) - Lovdata
Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator, klikk på denne lenka for å komma til nettsida til Lovdata: Forskrift om habilitering, rehabilitering og koordinator - Lovdata
Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstenester, klikk på denne lenka for å komma til nettsida til Lovdata: Forskrift om individuell plan ved ytelse av velferdstjenester - Lovdata
Veileder om samarbeid til barn, unge og deira familiar, klikk på denne lenka for å komma til nettsida til Helsedirektoratet: Samarbeid om tjenester til barn, unge og deres familier - Helsedirektoratet