HjemLedige stillingar

Ledige stillingar

Her kan du sjå kva ledige stillingar vi har i Austrheim kommune. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Austrheim kommune annonserer stillingane sine i lokalavisa Strilen, på Finn.no og her på heimesida til kommunen. Oversikt over ledige stillingar finn du ved å gå inn på lenka nedst på denne sida.

Austrheimmodellen - økonomiske ordningar og rekrutteringstiltak

Austrheim kommune tilbyr varierte økonomiske ordningar og tiltak for rekruttering av personar til særskilde yrke, både høgskuleutdanna og fagarbeidarar i stillingar der det er ein krevjande marknad.

Ordninga er meint til å gjere kommunen meir attraktiv som arbeidsgjevar og få nytilsette til å busetja seg i kommunen.

Det er også mogleg for tilsette å søkje om støtte til etter-/vidareutdanning, både etter denne ordninga og etter vedteken strategisk kompetanseplan for Austrheim kommune.

På denne lenka kan du lesa PDF-en med Austrheimmodellen, stipend rekruttering og tilsettordningar, vedteke i kommunestyret 13. april 2023.

Søkje på stilling?

Vil du søkje ein av dei ledige stillingane i Austrheim kommune?

Merk følgjande

  • Attestar og vitnemål tek du med til eit eventuelt jobbintervju.
  • Vi gjer merksam på namn på søkjarar kan bli gjort kjent gjennom offentleg søkjarliste.

Lykke til!

Gå til ledige stillingar og søknadsskjema

Rekrutteringsfilm

 

 


Sist oppdatert: 13.03.2024
Publisert: 27.11.2018