HjemNyheterKorona- og vaksinestatus 23. juli 2021

Korona- og vaksinestatus 23. juli 2021

Neste vaksinering vert onsdag 28. juli i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa er det tildelt ekstra mange vaksinedosar, kring 400 stykk. Kommunen har difor gått ut med eit generelt tilbod om vaksine til alle innbyggjarar over 18 år som ikkje har fått første dose.

Den enkelte vil bli oppringt med tilbodet og for å avtala tid, men om ein ikkje er kontakta innan tysdag 27. juli kan ein ringa legekontoret på 56168200. Meir om dette lengre nede.

Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time, og i neste omgang møter presis til den tida ein har vaksinetime.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Mål om høg vaksinedekning

Korona-vaksineringa går no jamt framover, og med den ekstra tildelinga av vaksinedosar vil ein frå onsdag 28. juli ha komme eit godt steg nærare full dekning med 1. dose i aldersgruppa 18 år og eldre. Vaksinen Austrheim får tildelt framover er Pfizer Biontech, evt. Moderna/Spikewax mRNA vaksine.

Målet er høgast mogleg vaksinedekning i befolkninga, det beskyttar den enkelte, og også alle andre.

Fram til og med måndag 26. juli er det legekontoret som tek kontakt med tilbod om vaksine. Etter dette kan uvaksinerte over 18 år som ikkje er kontakta, ringa legekontoret telefon 56168200 for vaksineavtale/ registrering. Kontoret er ope på kvardagar frå 08:30 til 12:00, og frå 13:00 til 15:00.

Når er du fullvaksinert?

I Austrheim er det stort sett Pfizer(Biontech) sin mRNA-vaksine som er brukt. Astra Zeneca vart brukt tidleg i vår, før Norge slutta å bruka denne vaksinen. For dei som har fått Pfizer(Biontech) som 1. og 2. dose, eller 2. dose etter Astra Zeneca som første, vert ein i Norge rekna som fullvaksinert ei veke etter at du har fått andre dose.

Det kan vera andre retningslinjer i andre land for når ein er rekna som fullvaksinert. Fleire land i EU/EØS-området krev at det har gått to veker etter andre vaksinedose før ein er rekna som fullvaksinert, så skal du på reise må du sjekka dette på førehand. Meir om reiser lengre nede.

Dei som har tatt Janssen-vaksinen, er rekna som fullvaksinert 21 dagar etter å ha tatt éin vaksinedose. Janssen-vaksinen er ikkje del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, men det er likevel mogleg å få tatt denne hjå enkelte legar.

Fullvaksinerte skal framleis testa seg ved symptom på Korona/Covid-19. Symptoma er ofte svakare enn for dei som er uvaksinerte.

Koronasertifikatet ditt kan du sjå på Helsenorge.no, klikk på denne lenka her: 

Nasjonale tiltak frå 8. juli

Austrheim følgjer dei nasjonale retningslinjene for Korona. Dei nasjonale råd og reglar vart sist oppdaterte torsdag 8. juli.

Klikk her for å lesa hjå regjeringen.no.

Det er strengare reglar i deler av landet, så om du er på reise må du sjekka kva Korona-reglar som gjeld der du er. Skal du til eller frå utlandet er det også fleire ting å ta omsyn med tanke på karantene og liknande, dette kan du lesa meir om hjå Helsenorge.no (klikk på lenka her), og hjå Utanriksdepartementet (klikk på lenka her).

Austrheim kommune har ikkje høve til å gje unntak frå Korona-reglane, og kan berre innføra eigne tiltak som er strengare enn dei nasjonale reglane. Per no har me ingen slike strengare tiltak.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Smittestatus

Onsdag 21. juli vart det stadfesta eitt tilfelle av Korona-smitte i Austrheim, klikk på denne lenka for å lesa meir. Før dette hadde det ikkje vore smitte i Austrheim sidan 8. februar 2021.

Det er smitte i nabokommunane våre også, siste 14 dagar har Alver kommune registrert 5 smittetilfelle, Masfjorden 5 smittetilfelle og Gulen 2 smittetilfelle. Bergen har hatt 188 nye smittetilfelle dei siste 14 dagane.

Med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at Austrheim framleis skal vera ein kommune med lite smitte, og med stadig nye smittetilfelle rundt om ser ein tydelege kor viktig det er å hugsa på smittevernet.

Som før er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit, og munnbind der det trengs.

For å unngå oppblomstring er det viktig å vera påpasseleg med avstand og andre tiltak i alle aldersgrupper.

Smittestopp-appen

Her kan du sjå Folkehelseinstituttet sin videosnutt om appen, som gjer det lettare å driva smittesporing ved eit eventuelt utbrot: Smittestopp på nettsida Vimeo


Sist oppdatert: 23.07.2021
Publisert: 23.07.2021