HeimNyheterKorona-smitte i Austrheim

Korona-smitte i Austrheim

Vedkommande var på arbeid hjå Kilstraumen Brygge måndag 19. juli, i tidsrommet 14-21. Personen var ikkje sjuk då, men utvikla symptom i etterkant, og har no testa positivt for viruset.

Alle som var gjester der i dette tidsrommet må vera særleg på vakt for symptom på Korona. Dersom ein kjenner symptom må ein gå i karantene, og testa seg for smitte.

Kommuneoverlege Peter Kubon forklarer at smittevegen ikkje er kjent, men at det vert jobba med smittesporing no.

Dette er det første registrerte smittetilfellet Austrheim sidan 8. februar 2021.


Sist oppdatert: 21.07.2021
Publisert: 21.07.2021