HjemNyheterFeiing startar igjen - med Korona-tiltak

Feiing startar igjen - med Korona-tiltak

Feiing i Austrheim vert utført av Nordhordland brann og redning. Frå 13. mars var det stopp i dette arbeidet på grunn av tiltaka mot Korona-smitte, men frå måndag 4. mai er det delvis oppstart.

Arbeidet skjer litt annleis enn tidlegare, med tiltak som er innført for å avgrensa smittefaren:

• Det vert kun utført feiing utandørs.
• Feiaren går ikkje inn i bustaden, så det vert ikkje utført tilsyn med eldstad. 
• Stige må leggjast fram til feiar, gjerne dagen før.
• Spjeld inne må lukkast, slik at det ikkje kjem inn sot gjennom peis/omn. 
• Sot vert ikkje fjerna frå innvendig sotluke, berre frå eventuell utvendig sotluke. Huseigar må sjølv fjerna sot frå innvendig sotluke, bruk eigna behaldar.
• I tråd med rådet frå Folkehelseinstituttet, skal ein halda minst to meters avstand til feiaren.

Feiarane frå Nordhordland brann og redning takkar for god forståing, og gler seg til å møta innbyggarane igjen.

Les meir om denne tenesta og gebyr her:


Sist oppdatert: 04.05.2020
Publisert: 04.05.2020