Feiing

 

Feiing og tilsyn av bustad

Tidlegare kom vi på bustadtilsyn kvart fjerde år. Ny forskrift om brannførebygging frå 1. januar 2016 seier at kommunen skal feie og føre tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing. Du får eit varsel på tekstmelding før besøket. Du må vere heime når vi kjem på tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er heime.

Feiing og tilsyn av fritidsbustad/hytte

Den nye forskrifta seier at alle fritidsbustader med eldstad får same krav til branntryggleik som vanlege bustader.

Det betyr at brannvesenet skal gjennomføre feiing og tilsyn i alle fritidsbustader med eldstad. Branntekniske krav om røykvarslar og sløkkjeutstyr i kvar etasje vert også gjeldande for fritidsbustader.

Under eit slikt besøk sjekkar vi branntryggleiken og kontrollerer om skorsteinen treng feiing, og utfører feiing ved behov. Nokre bustadar har behov for feiing oftare enn andre, avhengig av kvalitet på omnen og kor mykje han er i bruk. Difor kan du oppleve at naboen har feiing oftare enn deg. Men vi legg opp til at alle skal ha feiing og tilsyn minst kvart 6. år. Du må vere på hytta når vi kjem på besøk for tilsyn, men feiinga kan vi gjennomføre utan at du er der.

 

Kva kostar feiing og bustadtilsyn?

Gebyr for tilsyn og feiing inngår i dei kommunale avgiftene som du betalar kvart år.

Kostnaden for feiing og tilsyn er rekna ut til ein gjennomsnittleg pris per år – slik at du betalar same beløp kvart år, uavhengig om du har hatt feiing og tilsyn det året, eller ikkje.

Oversikt over kommunale gebyr finn du her.

 


Sist oppdatert: 30.09.2019
Publisert: 30.09.2019