HjemNyheterEr du gratispassasjer på kommunalt vatn og avlaup?

Er du gratispassasjer på kommunalt vatn og avlaup?

Det er enkelte som er tilknytt offentleg vatn eller avlaup utan å betala årsavgift. Austrheim kommune gir avgiftsamnesti ut året, og du slepp ekstrarekning dersom du melder frå om manglande registrering innan utgangen av 2023. Det er fredag 17. november sendt ut SMS til alle i kommunen med lenke til denne teksten her.
Publisert: 17.11.2023
Sist endra: 20.11.2023

Alle som koplar seg til kommunalt vatn eller avlaup, skal betala ei tilknytingsavgift. Deretter skal det betalast årleg avgift.

Austrheim kommune er kjent med at det finst bustader og hytter som er knytt til kommunalt vatn og avlaup utan at det er betalt tilknytingsavgift, og der huseigar heller ikkje betalar årsavgift.

Lovverket opnar for å krevja inn avgift med tre års tilbakeverkande kraft. Dersom du ikkje har betalt avgift - eller er i tvil - kan du fram til 31.12.2023 melda frå sjølv. Viser det seg at du har vatn/avlaup utan å betala, men melder frå innan fristen, krev kommunen berre ordinær tilknytingsavgift og årsavgift med verknad frå og med 2024.

Erfaring viser at det særleg er for eldre eigedomar at tilknyting kan ha vore gjort utan at det er registrert hjå kommunen. Det kan vera misforståingar, at folk har ikkje sjekka rekningane dei får, eller kanskje ein kan ha tatt over ein eigedom utan å vera klar over forholdet. Det kan også ha skjedd feilregistrering.

Sjølvkost - rekninga vert tatt av dei andre

Vatn og avlaup er finansiert gjennom såkalla sjølvkost, det vil seia at alle utgifter til utbygging og drift vert dekka av avgiftene. At nokon er tilknytt utan å betala avgift, betyr at dei andre abonnentane tar rekninga for dette, og gir kommunen mindre ressursar til utbygging og vedlikehald.

Gjeldande tilknytingsavgifter er 26.395 kroner for å kopla seg til kommunalt vatn, og den same summen for tilkopling til avlaup. Årsavgift varierer etter storleik på hus og hytte, men for ein «vanleg» einebustad er gjeldande årsavgift 6.863 kroner for vatn, og 7.297 kroner for avlaup.

Sjekkar alle eigedommar i 2024

I 2024 vil det bli gjennomført eit prosjekt der kommunen går gjennom alle eigedomar. I dei tilfella der det vert avdekka manglande tilknyting, vil det bli kravd inn årsavgift med tre års tilbakeverkande kraft, medan dei som melder inn manglande betaling slepp med avgift for det siste året.

Austrheim kommune oppmodar alle med kommunalt vatn og avlaup til å sjekka at dei betaler for dette. Dei som oppdagar at dei er gratispassasjerar, eller er i tvil, må kontakta Austrheim kommune på e-post: post@austrheim.kommune.no, eller ringa Innbyggjarservice på 56 16 20 00.

Du kan dela opp kommunale avgifter

Du kan sjølv velja oppdelinga for kommunale avgifter, om du skal betala årleg, halvårleg, kvart kvartal eller kvar månad.

Dette ordnar du lett på nett, gå inn på nettsida www.austrheim.kommune.no/deltfaktura (klikk på lenka)

Du kan også ringa Innbyggjarservice på 56 16 20 00.

Full oversikt over dei ulike kommunale avgiftene finn du på kommunen si heimeside, klikk på denne lenka:

Alle avgiftene er politisk vedtatt. Avgifter for 2024 vert vedtatt i kommunestyret 14. desember.