Vatn: Kvalitet, levering og målar

Vasskvalitet

Austrheim kommune kjøper vatn av Alver kommune, regulert i ein avtale som vart inngått mellom kommunane Austrheim og Lindås tilbake i 1986.

Vatnet vert levert frå Alver sitt anlegg på Litlås.

Austrheim kommune tek jamlege vassprøvar fleire stader i vassverket, som blir sende inn til analyse.

Vasspost/tappestad

På brannstasjon ved Mastrevik Torg er det mogeleg å tappe vatn på kanne. Ved større leidningsbrot i den kommunalevassforsyninga vert det og etablert vasspost på brannstasjon på Kaland. 

Vassmålar

Ønsker du å bestille og montere vassmålar tek du kontakt med autorisert rørleggjar. 

I Austrheim kommune er det svært få private som har vassmålar. 

Har du spørsmål ta kontakt med avdeling for VA. 
Klikk her for kontaktinformasjon

Vi har ikkje eige skjema for registrering av vassforbruk. Skal du registrere vassforbruk sender du e-post til post@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 14.11.2023
Publisert: 22.02.2022