Fritak frå karakter
Fritak for karakter i fag
Fritak for karakter i alle fag
- Minoritetsspråklege elevar som nettopp er kommen til Noreg
Minoritetsspråklege elevar som begynner opplæringa i Noreg siste halvdel av opplæringsåret, er fritatt frå vurdering med karakter i fag dette skuleåret dersom foreldra ber om det. Elevane skal då ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga.
Forskrift til opplæringsloven § 3-21
- Elevar som er i innføringstilbod
Ein elev i grunnskulen som har eit enkeltvedtak om særskilt språkopplæring etter opplæringslova § 2-8, der det er fastsett at eleven skal få heile eller delar av opplæringa i eit innføringstilbod, kan bli fritatt frå vurdering med karakter i heile den perioden han eller ho er i innføringstilbodet. Eleven kan bli fritatt frå både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering.
Forskrift til opplæringsloven § 3-21
Fritak for karakter i eit eller fleire fag
- Individuell opplæringsplan
Foreldre til elevar med individuell opplæringsplan kan bestemme at eleven ikkje skal ha vurdering med karakter i eit eller fleire fag. Eleven skal då ikkje ha standpunktkarakter i faget/faga.
Les meir om fritak for karakter for elevar med spesialundervisning
Forskrift til opplæringslova §3-20
Fritak for karakter i skriftleg sidemål
Ein elev kan bli fritatt for vurdering med karakter i skriftleg sidemål når han eller ho:
- har hatt rett til særskilt språkopplæring på 8., 9. eller 10. årstrinn
- på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon, som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målformene
- ikkje har gått på ungdomstrinnet i norsk grunnskule
- For elevar som får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valgretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning også omfattar skriftleg sidemål.
Forskrift til opplæringsloven § 3-22
Fritak for karakter i kroppsøving
Ein elev kan bli fritatt for vurdering med karakter i kroppsøving dersom han eller ho
- ikkje kan følgje undervisninga i kroppsøving og får ei tilrettelagt opplæring i faget som ikkje kan vurderast med karakter. Eleven skal då ikkje ha standpunktkarakter.
Forskrift til opplæringsloven § 3-23
Hjelp og rettleiing
Ta kontakt med skulen ved rektor om du er usikker på om fritaksreglane kan gjelda deg/ditt barn.
Sist oppdatert:
01.09.2020
Publisert:
01.09.2020