Parkeringsløyve for funksjonshemma

Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for forflytingshemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betalar avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna). Du får til vanleg løyve for to til fem år.

Parkeringsløyvet blir gjeve til bilførar eller passasjer som grunna vesentleg nedsett funksjonsevne, har særleg behov for parkeringslette på ein eller fleire konkrete stadar.

 

Du kan søkje om du oppfyller følgjande vilkår: 

Du har legeerklæring som seier at du har vanskar med å bevege deg over lengre avstand. Legeerklæringa må gje informasjon om din medisinske situasjon, diagnose, kor mange meter du er i stand til å gå utan og med hjelpemidlar, og om du brukar krykkjer, stokk, rullator eller rullestol.

Du har dokumentasjon på eit særleg behov for parkeringsløyvet ved bustad, arbeid/skule eller i samband med regelmessig medisinsk behandlig.

 

Slik søkjer du: 

I søknaden må du grunngi behovet ditt og skildre kvifor du ikkje kan nytte det ordinære parkeringstilbodet på dei stadane du treng å parkere.

Dette kan vere til hjelp når du skal fylle ut søknaden:

  • Kor har du vansker med parkering, kor ofte er du der? (oppgje stadnamn/gateadresse)
  • Kvifor er det vanskeleg å parkere der?
  • Kva er det som gjer at du ikkje kan nytte det ordinære parkeringstilbodet?
  • Korleis vil eit parkeringsløyve hjelpe deg på desse plassane?

 

Klikk her for å gå til søknadsskjema

Legeerklæring og anna dokumentasjon bør ettersendast pr. post eller via eDialog.


Du kan òg skrive ut og sende søknaden til:

Austrheim Kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Eller levere den i servicekontoret på kommunehuset. 

 

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for parkeringsløyve. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

 

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stadar der det er innført bustadsoneparkering.

 


Sist oppdatert: 20.06.2022
Publisert: 23.11.2018