Følgjekort

Følgjekort er eit tilbod til deg med fysiske eller psykiske funksjonshemmingar. Kortet gjer deg rett til å ha med følgje gratis, der dei godkjenner ordninga. Du kan mellom anna bruke kortet på ulike kultur- og fritidsarrangement og offentleg transport.

Slik søkjer du

  • Fyll ut Søknadsskjema for ledsagerbevis
  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer
  • Legg ved to passfoto og uttale frå fastlege eller spesialist. Søkjer du elektronisk må du ettersenda legeerklæring og bilete. 

Du kan òg sende inn skjema og vedlegg med post til 

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Kva får du?

Du får eit bevis som gir den som føl deg gratis inngang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som godtek ordninga. Du må ta direkte kontakt med arrangøren eller verksemda for å høyre om dei godtar ordninga.

Krav til søkjar

  • Du treng uttale frå fastlege eller spesialist på at du har behov for følgje for å kunne delta på aktivitetar i fritida
  • Du har hatt ei fysisk eller psykisk funksjonshemming i meir enn to år
  • Nedre aldersgrense for dette tilbodet er 8 år

Kva kostar det?

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Fornying av følgjekort

Ved fornying av følgjekort skal det eksisterande følgjekortet leverast inn ved utlevering av det nye.

Bruk same søknadsskjema som ved førstegongs søknad, men før på at det gjeld fornying av eksisterande følgjekort i feltet: "Grunngjeving for søknaden"  Merk at dersom situasjonen din har endra seg må du føra det på i same felt.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.


Sist oppdatert: 01.10.2021
Publisert: 23.11.2018