Demenskoordinator - Hukommelsesteam

Kven er vi?

Hukommelsesteamet består av sjukepleiarar, deriblant demenskoordinator.  Teamet samarbeidar med forvaltningskontoret, fastlegar og anne helsepersonell i kommunen. 

Kva kan vi tilby?
  • Kartleggings- og utredningssamtale med pasient og pårørande
  • Hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til auka tryggleik
  • Henvisning til helsetilbod i kommunen
  • Informasjon og rettleiing av pårørande og helsepersonell
  • Gi oversikt over tenestetilbod frå pleie og omsorg

Vi kjem på heimebesøk etter avtale med pasient og pårørande.

Kvifor kartlegge hukommelsen?
  • For å utrede eventuell demenssjukdom
  • For å utelukke andre sjukdommar som har demensliknande symptom
  • For vurdering av medisin
  • For å kunne legge til rette heimesituasjonen
  • For å kunne igangsettje tiltak til rett tid
Kontakt oss

Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Dersom du har problem med hukommelsen eller er pårørande til nokon med kognitiv svikt, kan du ta direkte kontakt på telefon. Legar og anna helsepersonell kan også ta kontakt.

Demenskoordinator Åshild Sandvin Olsson er å treffe på telefon 966 26 656, tysdag, onsdag og torsdag.


Sist oppdatert: 08.03.2023
Publisert: 01.09.2022