HeimBarnehageSøkje avslag i prisen

Søkje avslag i prisen

Du kan søkje om redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i Vigilo- følg lenke for pålogging til Vigilo

 

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen er fastsett til kr 3 050,- kroner pr. månad frå og med 01.august 2022 og Austrheim følgjer dette. Barnehagane kan krevje betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen.

Det fins to moderasjonsordningar for familiar eler hushaldningar med låg inntekt.

 

Ordning 1 – Redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Austrheim kommune følgjer staten sin makspris for barnehageplass, frå 1.august: kr. 3 050,- for full veke (45 timar).

Dersom husstanden har ei samla skattbar inntekt som er lågare enn kr. 598 825,- kan ein søkje om redusert foreldrebetaling.

Husstandar som kjem inn under denne ordninga, har rett på søskenmoderasjon ut frå det dei faktisk betalar for full barnehageplass. Gjeldande satsar er: 30% for barn nr. 2, og 50% for barn nr. 3 eller fleire.

Ordning 2 - Gratis kjernetid for 2 åringar, 3- åringar, 4- åringar og 5- åringar

Tilbod om gratis kjernetid for husstandar med samla skattbar inntekt på mindre enn kr. 598 825,- pr. år.

Ordninga gjeld for:

  • 2 åringar
  • 3- åringar, 4- åringar og 5- åringar
  • barn med utsett skulestart

Kjernetid er tida frå kl. 10.00 til 14.00 kvar dag, og kan utgjere maks 20 timar for ei full veke i barnehagen.

Foreldra må søkje om gratis kjernetid – for eit barnehageår om gangen. Søknader som kjem i løpet av eit barnehageår, vil gi vedtak som med verknad ut gjeldande barnehageår.

 

Søknadsfrist

Søkjer du innan 10. august, vil redusert betaling gjelde frå barnehagestart. For barnehageåret 2022/2023 er fristen seinast 1. september. Den reduserte betalinga vil då gjelde frå 1. oktober. Søknader som vert levert etter 1. september, får verknad frå den 1. i påfølgande månad under føresetnad at søknaden er levert seinast den 1. i månaden før.

 

Dokumentasjon

Både reduksjon i foreldrebetalinga og gratis kjernetid, skal bereknast ut frå den samla brutto skattepliktige kapital- og personinntekta. Skattemelding for 2021 for den samla hushaldninga, må leggjast ved søknaden.

  • Merk all dokumentasjon med namnet til barnet ditt, og send dokumentasjonen til:
    Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim
    eller elektronisk via

    Edialog

 

Busett i Austrheim, men barnehageplass i ein anna kommune?

Går barnet ditt i Kaland barnehage eller Kystbarnehagen, må du søkje via Vigilo.
Om du bur i Austrheim og barnet går i barnehage i ein anna kommune kan du nytte følgjande skjema for å søkje: Skjema - redusert foreldrebetaling (barnehageplass i Alver eller anna nabokommune)

Meir informasjon 

Du kan lese meir på Utdanningsdirektoratet sine sider, klikk her. 


Sist oppdatert: 09.08.2022
Publisert: 27.06.2018