Verdas dodag 19. november

19. november er verdas dodag, og vert markert mellom anna av FN-organisasjonen United Nations Water. Dette er ein organisasjon som koordinerer innsatsen til ulike FN-einingar og internasjonale organisasjonar som jobbar med vass- og sanitærspørsmål.

Austrheim kommune kjøper vatn av nabokommunen Alver, til både vanleg drikkevassforsyning og reservevassforsyning. Kommunen jobbar med å finna og redusera lekkasjar i vassleidningsnettet, for å unngå at ein betaler for vatn som ikkje blir brukt. 

Når vatnet først er brukt, skal det i avlaupet. Her er det innbyggjarane våre som må passa på, særleg med tanke på det som blir skylt ned i do. Enkelt sagt er det berre dette du kan skylja ned i doen og over i avlaupsnettet: Dopapir, vatn og det som du har produsert sjølv (i eigen kropp altså, ikkje på sløyden).

Les her om våtserviettar som etter reklamen er «flushables», men som slett ikkje er det (ekstern lenke - klikk her)

Austrheim har fleire pumpestasjonar på det kommunale avlaupsanlegget, for å få kloakken frå bustadområda og via reinseanlegg og ut i fjorden. Pumpene toler ikkje våtserviettar og alt anna fantasifullt som folk finn på å kasta i doen, då vert det stopp i flyten. Det er dyrt for kommunen, og dermed innbyggjarane, sidan dei betaler løna til både kommunalt tilsette og evt. innleigde firma som må få i gang pumpene. 

I tillegg til at det er heilt krise, for både deg og naboane, om kloakken er tett og det er nokon i huset som berre MÅ.

Les meir om dodagen på nettsida til bransjeorganisasjonen Norsk Vann (ekstern lenke - klikk her)


Sist oppdatert: 18.11.2022
Publisert: 18.11.2022