HjemNyheterVaksinering mot influensa og Korona

Vaksinering mot influensa og Korona

Det er vaksinering i Austrheimhallen tysdag 24.10 og tysdag 7.11 klokka 16-18, for alle i målgruppene.
Publisert: 04.10.2023
Sist endra: 04.10.2023

Dette er målgruppene for vaksinering mot influensa og Korona:
• Alle over 65 år
• Gravide i 2. eller 3. trimester
• 18-64 år og i risikogruppe (klikk her for å lesa meir om risikogrupper, hjå Folkehelseinstituttet (ekstern lenke))
• 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
• 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom og legevurdering

Dei som ønskjer vaksine må møta i hallen ein av desse dagane. Ingen timebestilling, berre møt opp. Du kan ikkje få vaksine om du har feber.

• Influensavaksine kostar 200 kroner, også for deg med frikort.
• Covid-vaksina er gratis.
• Ingen veksling, ta med akkurat om du betaler kontant.
• Kan betala med Vipps.

Dersom du er i målgruppene og ikkje kan møta i Austrheimhallen 24.10 eller 7.11 for å få influensavaksine, så må du ta kontakt med eit apotek og få vaksinen der. Eventuelt kan du snakka med legen din dersom du uansett har legetime i næraste framtid.

Vel møtt til vaksinasjon!
Austrheim legekontor