HjemNyheterTreng du å røysta heimefrå?

Treng du å røysta heimefrå?

Er det vanskeleg for deg å ta deg til eit vallokale under førehandsrøysteperioden, eller på sjølve valdagen, skal du få tilbod om å førehandsrøysta heimefrå.
Publisert: 22.06.2023
Sist endra: 22.06.2023

Heimerøysting er eit tilbod til dei som er ufør eller har ein sjukdom som gjer det umogleg å førehandsrøysta på kommunehuset, eller røysta i vallokalet på valdagen.

Du må søka på e-post til post@austrheim.kommune.no, eller ringa Servicekontoret på tlf. 56162000, seinast tysdag 5. september.

Dei som får ja på søknaden, får besøk av to røystemottakarar seinast onsdag 6. eller torsdag 7. september. Søker du tidlegare i sommar, kan me komma på besøk tidlegare. Me gjer avtale med deg før me kjem.

Søknaden din må innehalda denne informasjonen:

  • Fullt namn
  • Fødselsdato
  • Kvar du bur
  • Telefonnummer me kan nå deg på.