HjemNyheterTrafikksikringsdag - fredag 20. oktober

Trafikksikringsdag - fredag 20. oktober

Austrheim kommune arrangerer fredag 20. oktober trafikksikringsdag ved Austrheimhallen, i samarbeid med Trafikkfaglig Samarbeidsutvalg (TSU) i Nordhordland.
Publisert: 18.10.2023
Sist endra: 19.10.2023

Alle elevane på ungdomsskulen og Austrheim vidaregåande er inviterte til å vera med på arrangementet, som startar klokka 11.30. Dei vil få:

  • Sjå kva krefter som er i sving ved ein bilkollisjon, demonstrert ved slepp av bil løfta med kran, slik at krasjet tilsvarar ein kollisjon i 80 kilometer i timen.
  • Sjå kva krefter som er i sving ved ei ulukke med skuter, også det demonstrert ved kranløft og slepp.
  • Demonstrasjon av korleis naudetatane jobbar ved ei ulukke, mellom anna med hurtigfrigjering av skadde.
  • Politiet og Trygg Trafikk kjem for å møta ungdommane.
  • Ein får høyra direkte frå ein som har vore ute for ei alvorleg ulukke med ein lettsykkel.
  • Austrheim kommune har kjøpt inn refleksar til ungdommane som er med på arrangementet.

  • For demonstrasjonen av ulukke, og det andre som skjer utandørs, er det ope for alle å komma og sjå.

  • I samband med trafikksikringsdagen vert parkeringsplassen ved Austrheimhallen bli stengt fredag, men levering og henting av skuleborn skal kunna gå som vanleg.