HjemNyheterTotalforbod mot bruk av eld

Totalforbod mot bruk av eld

All bruk av eld er forbode i Austrheim i perioden fredag 16. juni klokka 18:00, til fredag 30. juni klokka 18:00.
Publisert: 16.06.2023
Sist endra: 21.06.2023

Det går fram av ei forskrift fastsett av brannsjefen i Nordhordland brann og redning, som har ansvaret for brannvernet med meir i kommunane Alver, Austrheim og Fedje.

Forbodet omfattar også jonsokbål/sankthansbål.

 

Presisering lagt ut 21. juni om bål og grilling:

Nordhordland brann og redning får mange spørsmål om det likevel er lov å tenna sankthansbål/jonsokbål; Fordi det har regna litt/ fordi bålet mitt er nært sjøen/ fordi eg har hageslange lett tilgjengeleg/ fordi det aldri før har vore skogbrann der eg bur. Svaret på alle desse er: Nei. 

Men sjølv om det ikkje er lov å tenna bål, er det lov å grilla (til dømes på kulegrill) på større asfalterte eller gruslagde område, som skulegardar, parkeringsplassar og idrettsplassar, så sant dei ikkje ligg nær brennbar vegetasjon.

Som alltid, pliktar den enkelte å vera påpasseleg ved gjennomføring av aktivitet som kan føra til brann.

 

Forskrift om totalforbod mot bruk av eld for kommunane Alver, Austrheim og Modalen

Heimel: Fastsett av brannsjefen i Nordhordland brann og redning med heimel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets rednings oppgåver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 5, jf. forskrift 17. desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging § 3 fjerde ledd, jf. kommunestyrets delegeringsvedtak.

§ 1 Formål

Forskrifta skal bidra til å redusera sannsyn for brann.

Bakgrunnen for innføring av denne lokale forskrifta er den svært store brannfaren i ut- og innmark i regionen.

§ 2 Verkeområde

Forskrifta gjeld for kommunane Alver, Austrheim og Modalen.

§ 3 Kva som blir forstått med innmark og utmark

  1. Med innmark meiner denne forskrift tilrettelagte grillplassar, idrettsplassar, gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått og kulturbeite samt liknande.
  2. Med utmark meiner denne forskrift udyrka mark som etter føregåande ledd ikkje reknast som innmark.

§ 4 Forbod mot bruk av eld i utmark og innmark

Det er forbode å gjera opp eld som å brenne bål, bruke grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kull, briketter, gras, greiner ol.) i skog og anna utmark i kommunane Alver, Austrheim og Modalen.

Forbodet om å bruke eld som nemnt i første ledd gjeld også på innmarksområde i nemnte kommunar.

Forbodet gjeld også for sankthansbål.

§ 5 Iverksetjing og varigheit

Forskrifta trer i kraft fredag 16. juni 2023 kl 18:00. Forskrifta gjeld inntil videre, men ikkje lenger enn til og med fredag 30. juni 2023 kl 18:00.

§ 6 Straff

Den som forsettleg eller uaktsamt bryt denne forskrifta, kan straffast med bot eller fengsel, jf. brann og eksplosjonsvernloven § 42.