HjemNyheterTømmestasjonen i drift igjen

Tømmestasjonen i drift igjen

Utanfor brannstasjonen, næraste nabo til Mastrevik Torg, har Austrheim kommune ein tømmestasjon for bubil- og campingvogntoalett.

Denne har vore ute av drift i periodar tidlegare, og i sommar tetta det seg heilt med ulike gjenstandar som hadde enda i kloakken saman med det som faktisk skulle tømmast ned. Mellom anna har det hamna fleire «dokagge»-lok ned i kloakken, og desse har vore med på å tetta det til.

I haust er det gjort eit gravearbeid ved stasjonen. Tidlegare var den kopla til det offentlege avlaupsnettet, no er det grave ned ein septiktank som kan tømmast med slambil.

Det er gratis å bruka tømmestasjonen, i alle fall inntil vidare.


Sist oppdatert: 23.11.2023
Publisert: 23.11.2023