HeimNyheterSvart røyk frå fakkelen på Mongstad

Svart røyk frå fakkelen på Mongstad

Det har torsdag 15. februar oppstått brann i ein elektrokiosk på Mongstad. Det har medført at Equinor Mongstad har stengt ned anlegget, ei nedstenging som gjer at det går mykje meir hydrokarbonar til fakkelbrenning enn vanleg.

Det er mykje tjukk svart røyk frå fakkelen, og rådet til alle som bur i nærområdet er at ein heldt vindauga att og generelt ikkje slepper røyken inn i bustaden. Røyken er ikkje farleg for dei som bur i nærområda, men det er ikkje noko ein ønskjer innomhus.


Sist oppdatert: 15.02.2024
Publisert: 15.02.2024