HeimNyheterSuksess for julegåveaksjonen

Suksess for julegåveaksjonen

Takk til dei frivillige, og til alle som har støtta aksjonen 🙂
Publisert: 24.12.2023
Sist endra: 24.12.2023

Austrheim Frivilligsentral, Årås Sanitetsforeining og Austrheim kommune takkar for gåver og hjelp i samband med julegåveaksjonen.

Gjennom innsamlinga kom det inn flotte gåver til barn og unge, det vart gjeve matvarer, og pengar over Vippsen slik at arrangørane av aksjonen kunne handla inn resten av det som skulle på plass.

Det var mogleg å be om hjelp til mat, og om gåver til born og unge, og i førjulsinnspurten vart det pakka og kjørt ut matkassar og julegåver til å legga under treet. 

Julegåveaksjonen er ferdig for denne gong, men det er jo framleis mogleg å bli inspirert av den til å gjera noko bra for andre. Kanskje er det nokon i familien eller nabolaget ditt som kunne trenga ein invitasjon, eit besøk eller noko så enkelt som ein telefon eller ei melding i løpet av julehøgtida? Berre gjer det, seier me.

God julehøgtid!