HeimNyheterHelsesjukepleiar-funksjonen fullt ut på plass igjen frå hausten

Helsesjukepleiar-funksjonen fullt ut på plass igjen frå hausten

Det er litt redusert kapasitet i helsesjukepleiar-tilbodet no framover vår og sommar. Kari Linn Hesjedal har slutta i jobben her i Austrheim, og ny helsesjukepleiar er først på plass 1. august.

Frå hausten vert helsesjukepleiar-funksjonen også styrka, etter at Helsedirektoratet har gitt kommunen tilskot til ei styrking av arbeidet inn mot skulane. Her vert det tilsett helsesøster i om lag 40 prosent stilling.

Inntil vidare er Gudny Sognnes einaste helsesjukepleiar i kommunen. Ho kan kontaktast på telefon (mobil) 41 47 77 13. 


Sist oppdatert: 13.05.2019
Publisert: 10.05.2019