HeimNyheterStenger vatnet frå Årås og vestover

Stenger vatnet frå Årås og vestover

I samband med arbeid på hovudvassleidningen vil vatnet bli stengt frå Åråsvågen og vestover på dagtid onsdag 8. november og torsdag 9. november.
Publisert: 07.11.2023
Sist endra: 07.11.2023

Det er sendt SMS til dei som vert råka, men gje gjerne ein lyd til familie som kan bli omfatta av stenginga, for å hjelpa oss med å sikra at alle har fått beskjed.

Tidsrom for stenging av vatn:

  • Onsdag 8. november klokka 08.30 - 16.00.
  • Torsdag 9. november klokka 08.30 - 12.00 (men slutt-tidspunkt torsdag kan bli endra).

Omfanget for stenging av vatn:

  • Arbeidet med hovudvassleidningen skjer i Åråsvågen, og heng saman med arbeidet på ny gangveg frå Åråsvågen og opp i Åråsfeltet.
  • Alle som har kommunalt vatn frå Åråsvågen og vestover kan venta å missa trykket i springen i tidsromma som er angitt, det vil seia Åråsfeltet og alle vestover, som Austrheimfeltet, med fleire.
  • Leikvoll og Solend blir ikkje råka av stenginga. 

Kva gjer du før vatnet er vekke?

  • Det er lurt å tappa opp drikkevatn, slik at du har til kaffien og liknande. 
  • Fyll vatn i nokre panner om du har planar om å koka poteter eller spaghetti.
  • Ha vatn i ei bøtte til å skylla ned i toalettet, og gjerne nokre tomme brusflasker slik at du har noko å vaska hendene med når det trengs.

Kva gjer du når vatnet er tilbake?

  • Det kan bli noko misfarging på vatnet når trykket blir sett på igjen. 
  • For å unngå å få desse avleiringane frå røyra inn i varmvasstanken din, er det bra å tappa kaldt vatn til du ser at vatnet er reint. 

Arbeidet no er del av ei større oppgradering av vassnettet i kommunen. Dei siste åra er det lagt ny hovudvassleidning i fleire strekk, både i sjø og over land, for å sikra vassforsyninga.

Les meir om arbeidet med hovudvassleidning og gangveg på denne lenka, klikk her: Gangvegen i Åråsvågen