HeimNyheterStenger vatnet - onsdag 20. mars, forlenga stenging

Stenger vatnet - onsdag 20. mars, forlenga stenging

Det skal setjast ned ei ny kumme, og medan dette skjer må vatnet stengast. Husa som vert vasslause er dei som er knytt til hovudvassleidningen frå Mastrevik til Toftegård, det vil seia ein del hus i Myravegen i Mastrevik, dei husa som ligg mellom krysset mot Mastrevik vidaregåande og kommunehuset, og nordover inkludert Sætre, Toftegård, Kvalvågen med meir. Også på Ulvøy vert dei vasslause i denne perioden, men ikkje Kilstraumen Brygge som er knytt til vassnettet "andre vegen".

Det vert sendt SMS om stenginga, med lenke til denne saka. Gje gjerne ein lyd til naboar som ikkje er råskinn på smarttelefonar.

Når vatnet er tilbake må ein tappa kaldt vatn i den kranen som er nærast inntaket, til det er fritt for luft og farge.


Sist oppdatert: 20.03.2024
Publisert: 19.03.2024