HjemNyheterSøk støtte til markering av Frivillighetens år

Søk støtte til markering av Frivillighetens år

«Vår Dag» er ei nasjonal markering av Frivillighetens år, og alle organisasjonar og foreiningar vert oppfordra til å feira dette. Tanken er at lokalsamfunna får sjå kva lag og organisasjonar som finnest i kommunen, og kva aktivitetar desse har.

Frivillighet Norges styre er styringsgruppe for Frivillighetens år 2022, og dei får støtte frå frivillig sektor elles, KS og Kulturdepartementet.

Her er forslag på kva ein kan laga til:

  • Gatefest
  • Open idrettshall
  • Stand på torget
  • Interaktiv konsert med Disney-låtar
  • Teaterframsyning
  • Brettspelkveld
  • Generasjonsmøter og formidling av kulturarv i fjøra
  • Geocaching

Først må sentralorganisasjon din senda datoen for sin «Vår dag», og deretter kan lokallag og foreiningar søka om støtta om inntil 25.000 kroner til lokale arrangement. Har du spørsmål kan du ta kontakt med leiar for Frivilligsentralen i Austrheim, Rigmor Ludvigsen, på telefon 456 35 324.

Klikk her for å komma vidare til søknadsskjemaet:


Sist oppdatert: 31.01.2022
Publisert: 31.01.2022