HjemNyheterSnøskredfare i indre strok av Vestland

Snøskredfare i indre strok av Vestland

Det er varsla stor snøskredfare i indre deler av Vestland, spesielt laurdag 16. desember.
Publisert: 15.12.2023
Sist endra: 15.12.2023

Ute ved kysten er det glatte vegar som er den største utfordringa i samband med veromslaget, der dei siste vekene med kulde og snøfall no er erstatta med plussgrader og regn.

Det vil truleg komma store mengder regn i heile Vestland frå ettermiddagen fredag 15. desember. Temperaturen er venta å stiga vidare, slik at det også i fjellet vil komma regn heller enn snø.

Når det regnar på den snøen som har komme tidlegare i vinter, er det venta at den etter kvart regntunge snøen vil bli utløyst i skred.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har allereie varsla snøskredfare på raudt nivå i regionane Indre Fjordane, Indre Sogn og Voss. Skalaen er slik:

  • 1 - Grøn, liten snøskredfare
  • 2 - Gul, moderat snøskredfare
  • 3 - Oransje, betydelig snøskredfare
  • 4 - Raudt, stor snøskredfare
  • 5 - Svart, meget stor snøskredfare

I tillegg er det venta varsel jordskredfare på oransje nivå (3) dersom regnet kjem som varsla.

For innbyggjarar i Austrheim vil desse varsla bety at ein må ta omsyn dersom det er planlagt reiser til indre deler av fylket, spesielt Indre Fjordane, Indre Sogn og Voss, men også andre deler av fylket med høgfjell og anna terreng som aukar faren for snøskred eller jordskred.