HjemNyheterSkal du investera halve desemberløna i fyrverkeri?

Skal du investera halve desemberløna i fyrverkeri?

Forskrifta er vedteken av kommunestyret hausten 2023, og er tilgjengeleg på Lovdata, klikk på denne lenka for å gå dit: Forskrift om delvis forbod mot bruk av fyrverkeri.

Det er jo uansett regulert i anna lov og forskrift at fyrverkeri berre skal skytast opp mellom klokka 18.00 på nyttårsaftan, og klokka 02.00 natt til 1. nyttårsdag.

Den kommunale forskrifta legg i tillegg føringar for kvar i kommunen du kan skyta opp fyrverkeri, og enkelt sagt skal det ikkje skje i byggefelt eller andre stader der husa står tett.

Bakgrunnen er eit ønskje om å redusera faren for brann og andre skader som følgje av fyrverkeri.


Sist oppdatert: 21.12.2023
Publisert: 21.12.2023