HjemNyheterRotter rundt huset, kva gjer du?

Rotter rundt huset, kva gjer du?

Den beste førebygginga mot brunrotter er å fjerna tilgangen på mat, og rydda slik at dei ikkje har så mange plassar å "busetja" seg rundt husa.

Å fjerna tilgangen på mat inneber å passa på at rottene ikkje får tilgang til mat som er meint for til dømes fuglar, hundar eller kattar. Kjæledyr matar ein helst inne, og fuglemat ein legg på bakken må porsjonerast slik at alt vert ete opp der og då.

Fuglemat kan også leggast på eit brett som er så høgt oppe at rottene ikkje har tilgang. Men tenk på at det må riggast slik at fuglane ikkje kastar frø og annan mat ned på bakken, der det vil bli mat for rotter og mus. 

Opne kompostbingar kan også vera mat for rotter, så det bør ein unngå.

Neste steg er å rydda stader som kan vera moglege heimar for rotter, anten det er grasdungar, skrot eller anna som kan gje dei tørt ly.

Når ein har redusert tilgangen på mat, og fjerna stader i nærleiken der rottene kan yngla, er det tid for å setta i gang med å redusera rottebestanden. Du kan anten setta ut feller, eller ta kontakt med eit skadedyrsfirma, eller gjera begge deler.

Det viktige er at ein jobbar saman alle i nabolaget. Det er til dømes lite hjelp i at den eine naboen set ut feller, om den andre naboen legg ut mat på bakken. Då vil rottene heller forsyna seg at haugen med mat, enn å undersøka matbiten som er festa på ei klappfelle.

Les meir om korleis du blir kvitt rotter på nettsida til Folkehelseinstituttet, på denne lenka: 


Sist oppdatert: 23.01.2024
Publisert: 23.01.2024