HjemNyheterPlanvedtak i mindre vesentleg reguleringsendring av detaljreguleringsplan for hyttefelt H06-Bergsvik - PlanID 12642006003-Kunngjering

Planvedtak i mindre vesentleg reguleringsendring av detaljreguleringsplan for hyttefelt H06-Bergsvik - PlanID 12642006003-Kunngjering

Formannskapet godkjente følgjande mindre reguleringsendring i møtet onsdag 6. mars 2024. Vedtaket i formannskapet med saksnr. 17/2024 var:
Publisert: 13.03.2024
Sist endra: 13.03.2024

«Formannskapet godkjenner ei mindre vesentleg reguleringsendring av detaljreguleringsplan for hyttefelt H06-Bergsvik - PlanID 12642006003. Endringa i føresegn § 3.1 vert:

§ 3.1 Hyttetomt G4 får maksimum mønehøgde + 30,0 moh.

Grunngjevinga er gjeve i saksutgreiinga. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova § 12-12 og § 12-14.»

Du kan lesa den mindre planendringa på Austrheim kommune på kommunehuset eller her på kommunen si heimeside: Utvalsmøte (elementscloud.no)

Formannskapet sitt vedtak kan påklagast, jfr. Pbl . § 1-9 og forvaltningslova § 28. Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg innan 2. april 2024 til

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

eller på e-post: post@austrheim.kommune.no.

Eventuelt krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

Kommunedirektøren