HjemNyheterOppsving av luftvegsinfeksjonar - hugs smittevern

Oppsving av luftvegsinfeksjonar - hugs smittevern

Etter fleire år med handsprit og avstand, som heldt snott og smitte på eit lågt nivå, er det mange no som har ulike luftvegsinfeksjonar.
Publisert: 09.11.2023
Sist endra: 09.11.2023

Det er ein oppsving av ulike luftvegssjukdommar, anten er det forkjøling, influensa, korona eller RS-virus, og i vårt lokalområde har det ført til både stengde skular og sjukefråvær i bedrifter.

Folkehelseinstituttet har nokre enkle råd for å halda smitte og sjukdom vekke:

  • Ved nyoppståtte luftvegssymptom og nedsett allmenntilstand bør du halda deg heime inntil du kjenner deg frisk, for å unngå vidare smittespreiing.
  • Du reduserer også risikoen for smittespreiing ved å halda avstand, ved å avgrensa tid du er saman med andre, og smittefaren er også redusert om du er saman med andre utandørs heller enn innandørs.

Hoste- og handhygiene

Gode hostevanar er avgjerande for å avgrensa smitte frå luftvegane hjå ein som er smitta med ulike luftveisagens.  

  • Unngå å hosta eller nysa direkte på andre.
  • Prøv å hosta/nysa i eit papirtørkle (som du kastar etterpå), eller i albogekroken dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.
  • Utfør håndhygiene (helst med såpe og vatn) etter all kontakt med luftvegssekret (fint ord for snørr eller hosteflygande smitte), eller gjenstandar som kan vera ureina med dette. Bruk alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel, dersom såpe og vatn ikkje er tilgjengeleg.

Les meir hjå Folkehelseinstituttet (klikk her - ekstern lenke): 
Smittevernråd ved luftveisinfeksjonar