Nye nasjonale Korona-tiltak
På ein pressekonferanse tysdag 7. desember presenterte Regjeringa nye endringar i dei nasjonale Korona-tiltaka. Endringane som er varsla no er i grove trekk desse:
- Anbefaling om å redusera tal nærkontaktar, utan at det er sett eit konkret tal på dette.
- Ein meter avstand til andre, men dette gjeld ikkje barn og unge.
- Anbefaling om maks ti gjester i private besøk, i tillegg til dei som bur i bustaden. Kan likevel ha eit selskap med inntil 20 gjester ein gong i løpet av jule- og nyttårshelga.
- Påbod om munnbind når ikkje kan halda ein meters avstand.
- Heimekontor der det er mogleg.
- Oppfordring om å ta vaksinen, anten det er første dose, eller andre eller tredje/fjerde.
- Kommunane må vera budde på gult nivå i skule og barnehage.
- Smittekarantene for alle nærkontaktar der der er mistanke om Omikron-smitte, og reduserte mulegheiter til å testa seg ut av karantene.
- Skjenkestopp klokka 24.00, krav om registrering av gjester.
- Bordservering av alkohol på restaurantar og uteplassar.
Tiltaka er meint å redusera smittespreiinga i samfunnet, ved å redusera sosial kontakt.