HjemNyheterMykje Covid-smitte, test deg før legebesøk

Mykje Covid-smitte, test deg før legebesøk

Har du time til lege, men kjenner deg Covid-krank? Test deg for Covid før du kjem på legekontoret.
Publisert: 16.11.2023
Sist endra: 16.11.2023

Du kan henta Covid-testar hjå Innbyggjarservice på kommunehuset, opningstida er 09-15 måndag til fredag. Du kan også få andre til å henta testar for deg.

Om testen slår ut positivt, og du ikkje treng akutt legehjelp, er det berre til å installera seg på sofaen med Netflix og snop. Skulle du trenga legehjelp, eller har ein time du må gjennomføra, er det viktig at du varslar legekontoret på førehand slik at dei kan ta sine førehandsreglar for å unngå smitte.

Mykje smitte i samfunnet

Det har gått mykje Covid-smitte i kommunen i haust, og fleire einingar i kommunen har merka dette med auka sjukefråvær.

For å unngå at den daglege drifta på legekontoret vert stoppa, er det viktig at ein heldt smitten ute derifrå.

Difor er det viktig å testa seg om ein kjenner seg sjuk, før ein stikk innom legekontoret.

Gode råd om smittevern

Folkehelseinstituttet har nokre enkle råd for å halda smitte og sjukdom vekke:

  • Ved nyoppståtte luftvegssymptom og nedsett allmenntilstand bør du halda deg heime inntil du kjenner deg frisk, for å unngå vidare smittespreiing.
  • Du reduserer også risikoen for smittespreiing ved å halda avstand, ved å avgrensa tid du er saman med andre, og smittefaren er også redusert om du er saman med andre utandørs heller enn innandørs.
  • Unngå å hosta eller nysa direkte på andre.
  • Prøv å hosta/nysa i eit papirtørkle (som du kastar etterpå), eller i albogekroken dersom du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.
  • Utfør håndhygiene (helst med såpe og vatn) etter all kontakt med luftvegssekret (fint ord for snørr eller hosteflygande smitte), eller gjenstandar som kan vera ureina med dette. Bruk alkoholbasert handdesinfeksjonsmiddel, dersom såpe og vatn ikkje er tilgjengeleg.