HjemNyheterMogeleg vasslekkasje - igjen

Mogeleg vasslekkasje - igjen

Me har vore inne i ei kuldeperiode og det kan fort oppstå lekkasje når det tinar litt opp. 

Dessutan kan det vere at minusgradane kjem attende og me minnar om at det er viktig at alle hus- og hytteeigarar tenker etter om det er utekranar, vaskekjellar og andre stader der det er innlagt vatn som kan frysa.

Løysingane kan vere fleire, anten å syta for at vatnet er kopla frå og røyra er tappa tomme, at det er tilstrekkeleg varme i alle rom med vatn, eller at det er på plass frostvakt/frostsikringskabel eller andre teknologiske løysingar. 

Om det er hytter eller andre bygg der du ikkje har dagleg tilsyn sjølv, er det lurt å gjera ein avtale med ein nabo eller andre som kan sjekka for deg. 



Sist oppdatert: 24.01.2024
Publisert: 11.01.2024