HjemNyheterMindre vesentleg reguleringsendring av Detaljreguleringsplan for Søre Neset, planid. 2005003

Mindre vesentleg reguleringsendring av Detaljreguleringsplan for Søre Neset, planid. 2005003

Med atterhald om at formannskapet i møte måndag 27. november 2023 vedtek følgjande vedtek Austrheim kommune å senda ei mindre vesentleg reguleringsendring av Detaljreguleringsplan for Søre Neset, planid. 2005003 ut på høyring.
Publisert: 14.11.2023
Sist endra: 14.11.2023

Grunngjevinga står i saksutgreiinga. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova si § 12-14.

Planendringa legg opp til at det kan byggjast to tomannsbustadar i staden for to einebustadar på to bustadtomtar. De kan lesa meir om planarbeidet på kommunehuset eller her på Austrheim kommune si heimeside. Saka kjem på heimesida når sakspapira til formannskapet måndag 27. november er klare, det skal vera klart fredag 17. november.

Merknad til planframlegget må sendast innan 8. januar 2024 på e-post: post@austrheim.kommune.no eller på post til: Austrheim kommune, Sætremarka 2, 5943 Austrheim.

Kommunedirektøren