HjemNyheterLokalpolitikk i alle kanalar

Lokalpolitikk i alle kanalar

Partia har hatt dugnad og kjørt ut samlekonvolutt med partiprogramma, og kandidatane kan nok også treffast på stand her og der dei kommande vekene. Men kanskje vil du ha alle samla på same stad, og det vert det fleire sjansar til framover til valdagen.

NRK-debatt frå Austrheim

Ein debatt som alt har funne stad, er NRK sin valdebatt med kandidatane i Austrheim. Dei var samla på kommunehuset laurdag 12. august, og gjorde opptak til sendinga på NRK Vestland fredag 18. august.

Debattsendinga der Austrheim er med, startar klokka 08.30 fredag den 18. august. Men vår kommune må dela sendetid med Stad i tidlegare Sogn og Fjordane, og akkurat når Austrheim-delen startar er ikkje lagt inn.

Etter kvart vert heile debatten frå Austrheim tilgjengeleg på NRK Vestland si samlenettside for valet, klikk her for å gå dit - ekstern lenke.

Informasjonsmøte om kjernekraft

Når du først har høyrt deg gjennom debattsendinga på NRK, har du kanskje lyst å sjå desse kandidatane i levande live. Det kan du gjera under informasjonsmøtet i kantina på kommunehuset måndag 21. august klokka 19.00.

Det er dei politiske partia i Austrheim som inviterer, saman med selskapet Norsk Kjernekraft AS, og kanskje ikkje overraskande skal det informerast om kjernekraft.

Oppvekst i Austrheim - debattmøte på AVS

Neste punkt på kalenderen er debattmøtet i kantina på Austrheim vidaregåande skule onsdag 23. august, med start klokka 18.00.

Det er Utdanningsforbundet og Fagforbundet som arrangerer debatten, der alle dei lokale partia stiller. Tittelen for debattmøtet er «Oppvekst i Austrheim», og arrangørane håpar særleg på deltaking frå alle som er engasjerte i born sin oppvekst.

Blant spørsmåla som er varsla på førehand er:

  • Prioritering av skular og barnehagar i komande periode.
  • Korleis rekruttera og halda på kvalifiserte og godkjende skule- og barnehagelærarar?
  • Fritidstilbodet til barn og unge, samt ungdomskultur.
  • Kaland barnehage.
  • Austrheim vidaregåande skule.

Nasjonale politikarar på Mongstad-konferanse

Nordhordland Næringslag arrangerer også i år næringskonferanse på Mongstad, der ein kan høyra nasjonale politikarar og fylkespolitikarar diskutera ulike utfordringar. Konferansen er onsdag 6. september, den har tittelen «Krise og muligheter», og lenka til informasjon og påmelding finn du ved å klikka her - ekstern lenke.

Mellom gjestene i år er minister for forsking og høgare utdanning Sandra Borch (Sp), olje- og energiminister Terje Aasland, stortingsrepresentant Nikolai Astrup (H), og fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Ope møte på samfunnshuset 7. september

Om du heilt fram til valet er i tvil om kven som skal få di støtte til å styra kommunen dei kommande fire åra, så vert det debattmøte på Austrheim samfunnshus torsdag 7. september klokka 19.00.

Redaktør i Avisa Nordhordland, Vegard Flatøy, stiller som debattleiar, og det vert mogleg å spela inn spørsmål til politikarane.

Førehandsrøysting på kommunehuset

Skulle du derimot vera heilt bestemt på kven du skal røysta på, og heller enn debattmøte vil bruka tida på å ta opp potetene, så kan du førehandsrøysta på Servicekontoret. Førehandsrøysteperioden varer til siste fredag før valdagen. Det er noko kvelds- og laurdagsope:

  • Måndag, tysdag, onsdag og fredag er det ope 09-15.
  • Torsdagar er det ope 09-19.
  • Laurdag 26. august er det ope 10-14.
  • Laurdag 2. september er det ope 10-14.

Siste dag for førehandsrøysting er fredag 8. september, med stengetid klokka 15.00.

På valdagen måndag 11. september kan du røysta på Kaland skule (Kaland krins) og i Austrheimhallen (Årås krins), begge stader er det ope frå klokka 14:00 til 21:00.

Hugs å ta med deg legitimasjon. Døme på legitimasjon er pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) og bankkort med bilde.


Sist oppdatert: 16.08.2023
Publisert: 15.08.2023