HjemNyheterKorleis vil du at Austrheim kommune skal utvikle seg i framtida?

Korleis vil du at Austrheim kommune skal utvikle seg i framtida?

Me vil vere ein kommune som er god for alle, og treng difor synspunkt og hjelp frå deg på korleis du oppfattar Austrheim i dag, kva du likar og kva du ikkje er fornøgd med.

Me vil òg ha meininga di om korleis me skal utvikle oss vidare.

Innspela og svara dine er særs viktige for oss i arbeidet med å utvikla Austrheim for framtida. Alle svar er anonyme.

Du finn undersøkinga på denne lenka (Microsoft Forms)

Kommunestyret skal samlast til arbeidsmøte den 14. mars om framtida vår. Det skal vere startskotet for planarbeidet. Då vil me bruke innspela dine som grunnlag for det vidare arbeidet. 

Du må svara innan fredag 23. februar.

 

Takk for engasjementet og deltakinga di.

Venleg helsing

Ordførar Morten Sognnes,
e-post morten.sognnes@austrheim.kommune.no

Kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug,
e-post bjornar.fjellhaug@austrheim.kommune.no


Sist oppdatert: 09.02.2024
Publisert: 09.02.2024