HjemNyheterKom og høyr om Lindåsprosjektet

Kom og høyr om Lindåsprosjektet

For 50 år sidan var industrien på full fart til å ta over Mongstad-bygda, med bygging av raffineri og seinare ulike andre industribedrifter. Parallelt med industriutbygginga gjennomførte Universitetet i Bergen Lindåsprosjektet, eit tverrfagleg arbeid som undersøkte kystlandskapet og levekåra til folket i Nordhordland før storindustrien starta opp.

Klara og Mandus Fondenæs og Peter Emil Kaland i 1974.

På bildet over ser du søskenparet Klara (1901-1974) og Mandus (1889-1977) Fondenæs frå Fonnes, saman med Peter Emil Kaland som ung botanikkstudent. Det er Peter Emil Kaland som torsdag 17. mars kjem til Kilstraumen Brygge for å fortelja om Lindåsprosjektet, og om arbeidslivet på Fonnes mellom 1900-1970 der etnolog Arne Lie Christensen gjennomførte mange intervju.

Kvar: Kilstraumen Brygge, Kilstraumen 1, 5943 Austrheim
Når: Torsdag 17. mars klokka 19.00-20.00 (etter at Fonnes Bygdelag har hatt årsmøtet sitt, som startar 18.00) 

Universitetet i Bergen dreiv Lindåsprosjektet frå 1971 til 1976, og mellom den skriftlege dokumentasjonen av arbeidet er årsrapporten det er bilde av over, med nettopp Klara og Mandus Fondenæs på framsida saman med eit bilde av raffineriet. Men forskinga stoppa ikkje der. UNESCO gav i 2019 Nordhordland status som Norges første biosfæreområde, og no startar Universitetet i Bergen igjen eit tverrfagleg forskingsprosjekt: Kva har skjedd med landskapet og folket i løpet av dei siste 50 åra? Kva med framtida?

Vil du lesa deg opp før føredraget, så kan du googla «Lindåsprosjektet» og sjå på treffa hjå Universitetet i Bergen. Vil du lesa meir om Biosfæreprosjektet i Nordhordland, så er heimesida deira http://www.nordhordlandbiosphere.no (klikk på lenka, ekstern lenke)


Sist oppdatert: 01.03.2022
Publisert: 25.02.2022