HeimNyheterKokevarsel for vatn er oppheva

Kokevarsel for vatn er oppheva

Alver kommune, som leverer drikkevatn til Austrheim kommune, melder 1. januar klokka 13.00 at vassprøvar tatt på det kommunale vassverket er analyserte, og resultata viser at vatnet er OK.

Det betyr at kokevarselet som vart sendt ut 31. desember 2023, er oppheva.

_________________________________

Dette er den opphavlege meldinga: 

Alle som har kommunalt vatn må koka dette før det skal drikkast, brukast til tannpuss, i kaffitraktaren med meir.

Det er 31. desember 2023 sendt ut kokevarsel for alle abonnentar på det kommunale vassnettet. Austrheim kommune kjøper drikkevatn frå naboen Alver kommune, og dei melder at alt vatn dei leverer til Austrheim må kokast.

Kokevarselet er varsla med SMS, her på heimesida og på Facebook. Det blir sendt ny SMS når kokevarselet er oppheva.

Dette er Folkehelseinstituttet si oppsummering av kva ein skal bruka kokt vatn til, når det er sendt ut kokevarsel:

Forutan drikke, bør du bruka kokt vatn til:

  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C.
  • Utblanding av saft, og andre produkt som skal drikkast eller etast.
  • Kaffi. Kaffitraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffitraktaren må derfor vera kokt på førehand. Andre typar kaffimaskiner bør sjekkast med forhandlar før ein bruker vatn som ikkje er kokt.
  • Isbitar.
  • Skyljing av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.
  • Tannpuss.

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Koking av mat.
  • Handvask. Hendene skal vaskast med såpe, deretter skyljast og tørkast.
  • Dusjing og karbad: Ein kan dusja og bada som normalt ved koketilråding, men har ein dårleg immunforsvar i kombinasjon med opne sår, så er ein rask dusj tilrådd (ikkje karbad) og tørk deg godt etterpå. Pass på å ikkje svelgja vatn. Ha særleg kontroll med små barn.
  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin: Ved oppvask for hand må oppvasken skyljast med kokt, varmt vatn og tørkast godt. Oppvaskmiddel med desinfeksjonseffekt er ikkje tilstrekkeleg. For å oppnå god desinfeksjonseffekt i ei oppvaskmaskin må programmet ha ein temperatur på minimum 65 ºC når det blir brukt vanlege hushaldsmaskiner med programlengd på 1 time eller meir. La oppvasken stå og lufttørka.
  • Klesvask.
  • Reinhald i huset.
  • Annan bruk heime.

Sist oppdatert: 01.01.2024
Publisert: 31.12.2023