HeimNyheterJulegåveaksjonen i Austrheim

Julegåveaksjonen i Austrheim

Julegåveaksjonen i Austrheim 2023 deler ut matkasser og julegåver, og rettar seg spesielt mot barnefamiliar, men også andre vanskelegstilte. Her finn du også informasjon om korleis du kan bidra til aksjonen.
Publisert: 24.11.2023
Sist endra: 28.11.2023

Vil du gje ei gåve?

Vil du bidra til at barn i familiar med økonomiske utfordringar får ei fin jul? Legg gåver under juletreet på anten:

  • Innbyggjarservice på kommunehuset
  • Seniorsenteret

Bidrag på Vipps? Bruk nummer 136748, merk med «Jul».

Frist for å gje er 14. desember.

Vil du få ei gåve?

Slit du med å få endane til å møtast? Bur du i Austrheim kommune?

Då er du hjarteleg velkomen til å melda deg som mottakar av gåve til barn mellom 0-18 år og/eller matkasse med julemat.

Du treng ikkje ha barn for å få matkasse, men barnefamiliar vil bli prioriterte.

Påmelding på skjema, klikk på denne lenka til Microsoft Forms:

Frist for påmelding er tysdag 12. desember.

Spørsmål? Send e-post til leiar for Frivilligsentralen Rigmor Ludvigsen: rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no.

Vi ønskjer alle ei fin jul!

Årås Sanitetsforening
Austrheim Frivilligsentral
Austrheim kommune