HjemNyheterI sluttspurten med vassleidningsarbeid - redusert trykk for ein del

I sluttspurten med vassleidningsarbeid - redusert trykk for ein del

Torsdag 9. november blir det redusert vasstrykk for ein del abonnentar, i samband med oppgraderinga av hovudvassleidningen frå Åråsvågen til Åråsfeltet.
Publisert: 07.11.2023
Sist endra: 09.11.2023

Det er sendt SMS til dei som vert råka av arbeidet i dag.

Oppdatert tidsrom for stenging/redusert trykk:

  • Det er berre nokre få som blir heilt utan vatn. Desse er kontakta direkte. 
  • Torsdag 9. november klokka 11.00 - 15.00 blir det redusert trykk for alle abonnentar frå Åråsvågen og vestover. Desse vil ha vatn forsynt frå vasstårnet på Åråshøgda, men med dårlegare trykk enn vanleg.

Omfanget for stenging/redusert trykk:

  • Arbeidet med hovudvassleidningen skjer i Åråsvågen, og heng saman med arbeidet på ny gangveg frå Åråsvågen og opp i Åråsfeltet.
  • Alle som har kommunalt vatn frå Åråsvågen og vestover kan venta å få redusert trykk i springen frå klokka 11.00 til klokka 15.00 på torsdag 9. november. Det vil seia Åråsfeltet og alle vestover, som Austrheimfeltet, øyane, med fleire.
  • Dei abonnentane som bur lengst ute vil merka mest til det reduserte trykket.
  • Leikvoll og Solend blir ikkje råka av stenginga.

Arbeidet no er del av ei større oppgradering av vassnettet i kommunen. Dei siste åra er det lagt ny hovudvassleidning i fleire strekk, både i sjø og over land, for å sikra vassforsyninga.

Les meir om arbeidet med hovudvassleidning og gangveg på denne lenka, klikk her: Gangvegen i Åråsvågen

Vassleidningsbrot onsdag 8. november

Det var onsdag 8. november brot på vassleidningen også utanom det planlagde arbeidet. Her var det abonnentar utan vatn i områda Toftegård og Ulvøy. Feilen vart retta i løpet av kvelden.