HjemNyheterHar du bustad til flyktningar?

Har du bustad til flyktningar?

Det er særleg behov for mindre einebustader/ leilegheiter med eitt til to soverom. Det er ein fordel om bustaden er møblert og at den ligg nokolunde sentralt i kommunen.

Ta kontakt med innbyggjarservice dersom du har ein bustad til leige, på e-post post@austrheim.kommune.no. Ta med opplysningar om:

  • Adresse.
  • Storleik på bustaden.
  • Møblar som er på plass.
  • Når den er ledig frå, om den ikkje er ledig no.
  • Gjerne nokre bilde av bustaden.
  • Ønskt leigepris.
  • Namn og kontaktinformasjon til eigar, og kva dagar det ev. kan passa for ei synfaring.

Sist oppdatert: 20.11.2023
Publisert: 20.11.2023