HjemNyheterGratis romjulsferie for familiar med låg inntekt

Gratis romjulsferie for familiar med låg inntekt

Gjennom Røde Kors-tilbodet «Ferie for alle» kan familiar med vedvarande låg inntekt søka om gratis ferieopphald.
Publisert: 07.11.2023
Sist endra: 07.11.2023

For søkarar frå tidlegare Hordaland er det mogleg å søka om ferieopphald på Dyrkolbotn Leirskule i romjula, frå onsdag 27. desember til laurdag 30. desember.

Kven passar dette for?

Familien bør vera glade i å vera utandørs og vera aktive, for det er lagt opp til mange uteaktivitetar. 

Det vert lagt opp til aktivitetar for heile familien, med hovudfokus på born i alderen 6-13 år.

Kven kan søka om ferieopphald?

For å vera kvalifisert må familien:

  • Ha hatt økonomiske utfordringar.
  • Budd i Norge i minst tre år.
  • Ha minst eitt barn i barneskulealder (6-13 år).
  • Ikkje ha tilsvarande ferietilbod.
  • Minst ein forelder/føresett kan forstå norsk, og gjera seg forstått på norsk.
  • Klarer seg sjølv utan behov for tett oppfølging frå Røde Kors sine frivillige.
  • Fungera i gruppe saman med andre på leir.

Korleis søker du?

Det er kommunen som seinast måndag 27. november skal senda søknad på vegner av dei som ønskjer eit slikt ferietilbod. Det inneber at familiar som ønskjer å søka må senda e-post til kommunen onsdag 22. november, til post@austrheim.kommune.no.

Søknaden du sender må ha informasjon om:

  • Namn, alder og kjønn på alle som skal delta frå familien.
  • Adresse, e-postadresse og telefonnummer til ein forelder/føresett.
  • Om nokon av familiemedlemmene har tilretteleggingsbehov grunna fysiske, psykiske eller andre utfordringar. Denne informasjonen er viktig for at Røde Kors skal kunna legga til rette så godt som mogleg under opphaldet.
  • Om familien har deltatt på «Ferie for alle» tidlegare, eller har søkt og fått avslag tidligare.
  • Om minst ein forelder/føresett som deltar på ferieoppholdet kan snakka og forstå norsk. Om nei, må du oppgje kva språk forelder/føresett snakkar.
  • Om familien skal ha med eigen assistent eller tolk under opphaldet.
  • At familien samtykker til at Røde Kors tar kontakt dersom det skulle dukka opp andre relevante tilbud.
  • Om familien er kjent med kvar de finn informasjon om korleis Røde Kors handsamar deira personopplysningar. Dette finn du på «Ferie for alle» si personvernerklæring, på denne lenka: Personvernerklæring FFA - Røde Kors.

Kva skjer vidare med søknaden?

Kommunen registrerer søknaden din.

Røde Kors prioriterer deltakarar som ikkje har vore med på «Ferie for alle» tidlegare.