HeimNyheterGodtgjering til folkevalde - høyring av ny forskrift

Godtgjering til folkevalde - høyring av ny forskrift

Formannskapet i Austrheim gjorde i møtet måndag 27. november vedtak om legga «Forskrift om folkevalde sine arbeidsvilkår - Austrheim kommune - frå 01.01.2024» ut på høyring fram til onsdag 6. desember.
Publisert: 28.11.2023
Sist endra: 28.11.2023

Formannskapet gjorde samstundes vedtak om å rå kommunestyret til å vedta den nye forskrifta. Kommunestyret skal handsama saka i møtet torsdag 14. desember, det er bakgrunnen for den korte høyringsfristen.

Eventuelle innspel vert lagt ved i innkallinga til kommunestyret, som skal sendast ut torsdag 7. desember.

Innspel skal sendast til post@austrheim.kommune.no

I samband med handsaminga i formannskapet vart det presisert at formannskapsmedlemmene si godtgjering dekkar møte i formannskap og kommunestyre, men desse folkevalde skal ha godtgjering som andre medlemmer dersom dei tek på seg verv i til dømes Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, eller liknande.

Her finn du framlegget til ny forskrift og sakspapira elles til formannskapet si handsaming, på lenke til innsyn (klikk her)