HjemNyheterGodkjent interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Godkjent interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland

Kommunestyret i Austrheim kommune godkjente i sak 093/23 i møte den 26.10.2023 Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland, planid 2021003 for Austrheim kommune.
Publisert: 14.11.2023
Sist endra: 14.11.2023

Vedtaket var: Austrheim kommune godkjenner Interkommunal plan for sjøareal i Region Nordhordland, planid 2021003. Oppdaterte plandokument som planskildring, plankart, føresegner, konsekvensutgreiing og kunnskapsgrunnlag er datert den 03.10.2023. Grunngjevinga for vedtaket er vist i saksutgreiinga.

Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova §§ 9-3 og 11-15.
Godkjenningsvedtaket vart gjort i samsvar med semje i meklingsmøte med Statsforvaltaren i Vestland den 25.09.2023 på Statens Hus i Bergen. Oppdaterte plandokument som planskildring, plankart, føresegner, konsekvensutgreiing og kunnskapsgrunnlag er datert den 03.10.2023.

Sjå link til saka, på heimesida til kommunen (klikk her): 

Planområdet til den interkommunale planen omfattar sjøareala i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal og gjeld berre for sjøområda. Det vil sei frå flomålet i elveosar og ned til og med sjøbotn. Avgrensing ut i sjø er 1 nautisk mil utanfor grunnlinja. Ein interkommunal plan er ei samansetting av fleire sjølvstendige kommunale planar. Kvar kommune må handsama formelt i dette planarbeidet sine sjøareal innafor kommunegrensa.

Austrheim kommune vil takka alle involverte for ein god planprosess i saka.

Kommunedirektøren