HjemNyheterFrosten kan gje vasslekkasje

Frosten kan gje vasslekkasje

Teknisk har i dag vore på leit etter vasslekkasje, på grunn av at det var veldig høgt vassforbruk. Diverre viste det seg at lekkasjen kjem frå ei hytte, der vatnet fossa ut av bygget.
Publisert: 29.11.2023
Sist endra: 29.11.2023

Me er inne i ein kuldeperiode, og det ser ut for at minusgradane skal vara ved.

Det er viktig at alle hus- og hytteeigarar tenker etter om det er utekranar, vaskekjellarar og andre stader der det er innlagt vatn som kan frysa no som der er kaldt.

Løysingane kan vera fleire, anten å syta for at vatnet er kopla frå og røyra er tappa tomme, at det er tilstrekkeleg varme i alle rom med vatn, eller at det er på plass frostvakt/frostsikringskabel eller andre teknologiske løysingar.

Om det er hytter eller andre bygg der du ikkje har dagleg tilsyn sjølv, er det lurt å gjera ein avtale med ein nabo eller andre som kan sjekka at det faktisk er varmt nok i den vaskekjellaren.

Når vatnet frys i røyra kan dei sprekka, og vatn vil lekka ut i veggar og på golv, heilt til det til slutt renn ut av bygget som i tilfellet som vart oppdaga i dag.