HeimNyheterFolkevekst i Austrheim

Folkevekst i Austrheim

Folketalet i Austrheim auka med 25 personar i 2023, og gjekk opp frå 2 856 til 2 881 personar.
Publisert: 21.02.2024
Sist endra: 21.02.2024

Som for mange andre kommunar er innvandring, særleg frå Ukraina, noko av bakgrunnen for folkeveksten.

I tillegg til dei som flyttar til Austrheim frå utlandet, er det også noko tilflytting og utflytting mellom Austrheim og andre delar av landet vårt. Netto innflytting, inklunder inn- og utvandring, enda på 27 for 2023.

Det vart fødd i alt 19 personar i løpet av 2023, samstundes var det 21 personar som gjekk bort, slik at det er eit netto fødselsunderskot på -2. Folketalsveksten blir dermed summen av netto innflytting på 27, minus fødselsunderskotet på -2, som gir ein vekst på 25.

Her er folketalsutviklinga i nabokommunane, i løpet av 2023:

  • Modalen opp 4 frå 380 til 384 personar
  • Alver opp 66 frå 29 920 til 29 986 personar
  • Austrheim opp 25 frå 2 856 til 2 881 personar
  • Fedje opp 6 frå 513 til 519 personar
  • Masfjorden opp 40 frå 1 654 til 1 694 personar
  • Gulen opp 6 frå 2 228 til 2 234 personar
  • Samla sett for desse kommunane var det i 2023 ein folkevekst på 147, frå 37 551 til 37 698 personar

For landet sett under eitt var folketalet ved utgangen av 4. kvartal 2023 på 5 550 203 personar. Folkeveksten i 4. kvartal var på 16 621 personar, medan den for heile året var på 61 219.

Det er netto innvandring som sikrar folkeveksten, for fødselsoverskotet (forskjellen mellom nyfødde og døde) er med 8 177 for heile 2023 mykje lågare enn folkeveksten på 61 219.

SSB kunngjorde desse folketala 21. februar 2024. Neste oppdatering kjem 22. mai 2024, då med talet etter 1. kvartal i 2024.