HjemNyheterEr du interessert i å kjøpa deg eigen eldrebustad?

Er du interessert i å kjøpa deg eigen eldrebustad?

Innbyggjarundersøking om interesse for bustader med livslaupsstandard (eldrebustader).
Publisert: 31.01.2024
Sist endra: 16.02.2024

Austrheim kommune har planar om å byggja bustader med livslaupsstandard (eldrebustader) to stader i kommunen, i Kalandsfeltet og i Sætremarka. No ønskjer kommunen å kartleggja interessa mellom innbyggjarane. 

Her kan du svara digitalt i eit skjema:

Kaland - flyfoto

Kommunen planlegg i første omgang åtte bueiningar på Kaland (bilde over), og åtte til tolv bueiningar i Sætremarka (arealet midt i bildet under, over vegen for dagens bustader i Sætremarka).

Sætremarka - flyfoto

På Kaland er det planar om å byggja bustadane som rekkjehus, mens ein vurderer to- eller firemannsbustadar i to høgder i Sætremarka. No vil kommunen undersøkja interessa for desse to prosjekta blant innbyggjarane i kommunen.

  • Tomtane er byggjeklare, og Austrheim kommune har ønskje om å realisera prosjekta i perioden 2024 – 2026.
  • Kommunen har henta inn vurderingar og prospekt frå seks lokale byggefirma. Storleiken på bustadane vil vera rundt 75 m2, og dei vil ha to soverom. Alle bustadane vil vera på eitt plan, og universelt utforma.
  • Kommunen kan stå som utbyggjar av bustadane, eller inngå avtalar med private firma om utbygging, vedlikehald og drift.
  • Kommunen vil også vurdera om det skal byggjast eit møtelokale og eit ekstra soverom til utleige til bebuarane i eldrebustadane i samband med prosjekta.
  • Prisen på bustadane vil liggja på rundt 2,5 millionar kroner, inklusiv meirverdiavgift, og vil vera Husbankfinansierte.
  • Kommunen har fått innspel om at nokon vil eiga bustadane sjølv, medan andre ønskjer seg ein burettslagsmodell av typen me har i Sætremarka. Atter andre ønskjer eit reint leigeforhold.

Dette ei uforpliktande kartlegging for å finna interessa for dei planlagde bustadane på Kaland/Sætremarka.

1. Ønskjer du/de å eiga bustaden sjølv?

Ja ☐           Nei ☐

2. Ønskjer du/de å kjøpa bustad i eit kommunalt eller privat burettslag?
Ja ☐           Nei ☐

3. Ønskjer du/de å leiga bustad av kommunen eller ein privat utbyggjar?
Komm. ☐  Privat ☐


4. Ønskjer du/de å bu på Kaland eller i Sætremarka?
Kaland. ☐  Sætremarka ☐

Kontaktinformasjon, slik at me kan oppdatera deg om framdrifta i arbeidet:

Namn:                                                                                                

Adresse:                                                                                            

E-post:                                                                                               

Telefon:                                                                                              

Du kan gje oss svara dine på ulike måtar:

Fristen for å svara på innbyggjarundersøkinga er 1. mars 2024.

Les denne saka som ein faldar. Denne blir distribuert i kommunen i veke 6 (PDF-fil).