HeimNyheterEr du budd på meir snø?

Er du budd på meir snø?

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel om særs mykje snø.

  • Snøfallet er venta å vera sterkast i perioden frå torsdag 18. januar klokka 18.00 til fredag 19. januar klokka 16.00.
  • Det er ytre og sørlege delar av Hordaland som vil få mest snø.
  • Lokalt kan det komma opp til 20-40 centimeter i løpet av 24 timar.
  • Det er også varsla kraftig vind frå nordvest og derfor snøfokk, særlig i kystnære strøk.

Kva bør du gjera om du skal ut på vegen?

Aller først: Vurder om det er behov for å reisa nokon stad desse dagane. Om du har ein jobb som passar for heimekontor, er dette tida for det.

  • Skal du kjøra på jobb eller liknande må du rekna deg god tid, snøen kjem til å gjera det vanskeleg å kjøra bil.
  • Dei siste vekene har det vore fleire utforkjøringar i distriktet, og hendingar med trafikkstans på grunn av at tungbilar har stått fast. Du må vera budd på stans i trafikken, med kapasitet på batteriet eller diesel på tanken, og ha med deg boblejakke og hue/hanskar slik at du kan gå ut og kosta av bilen om du vert ståande lenge.

Korleis kan du førebu deg heime?

Det er alltid lurt å ha eit lite beredskapslager heime, og ekstra viktig no. Oppstår det brot på vassleidningsnettet no, vil det ta ekstra tid å finna lekkasjen. Også straumnettet kan få skader av snøfallet, i tillegg til at veret vil gjera det ekstra tidkrevjande å retta feilen.

Eit kjapt lager du kan få på plass i dag er:

  • Tappa opp vatn i nokre mugger/flasker slik at du har om vatnet forsvinn. Store dunkar er best.
  • Litt tørrmat slik at du ikkje svelt i hel om komfyren er straumlaus.
  • Batteri til lommelyktene i huset, og fullt batteri på mobilen og ladebanken du har til den.

Kva gjer kommunen?

Austrheim kommune har ikkje brøyteberedskap som kan ta kjapt unna når det er slike snøfall som denne veka.

  • Ver tolmodig, det tek tid å nå over heile kommunen.
  • Din eigen innkjørsel må du rydda sjølv, diverre også den kanten som brøytetraktoren legg att. Om brøytetraktoren skal ta ein ekstra runde alle stader for å ta vekk kantane, vert det veldig seint før alle vegar er brøytte.
  • Ikkje parker bilen din slik at den er i vegen for brøytemannskapa.

Korleis vert veret vidare?

Det er ikkje kvar vinter me har så mykje snø må Vestlandet, men til helga kjem det tilbake ein type nedbør me er vane med. Yr melder at Austrheim skal ha 8 millimeter regn og snø laurdag 20. januar, så 25 millimeter regn søndag 21. januar, og vidare 17 millimeter måndag 22. januar og 10 millimeter tysdag 23. januar.

Det er jo ikkje meir enn ei lita regnskur for den typiske vestlendingen, men når regnet kjem oppå all dennne snøen er det ekstra ting å vera merksam på:

  • Det er kjedeleg å skufla snø, men det er mykje verre å skufla våt snø. Dess meir ein får unna før regnet kjem, er bra!
  • Tenk også på om du har bygg/terrassar som kan få ein trøkk om det samlar seg masse våt snø. Men ikkje gå på taket utan sikring.
  • Ta snøspaden og sjå til at alt vatnet, anten det ligg som snø eller kjem som regn, har ein veg å ta som ikkje er rett inn i kjellaren din.

Sist oppdatert: 18.01.2024
Publisert: 18.01.2024