HjemNyheterBrot på vassleidningen 15.02.24

Brot på vassleidningen 15.02.24

Vatnet er no tilbake, etter at det var brot på vassleidningen på føremiddagen torsdag 15. februar.

Når vatnet er tilbake er det viktig at du tappar kaldt vatn frå ein kran nær inntaket til huset ditt (til dømes på vaskerommet), og ventar til dette er reint før du tappar vatn andre stader i huset.

Opphavleg melding:

Alle i Austrheim kan oppleve redusert trykk eller heilt bortfall av vatn.

Teknisk drift melder at vassleidningen er gravd over i nærleiken av Mongstadkrysset. Dette fører til bortfall av vatn eller redusert trykk for alle med kommunalt vassabonnement. 

Arbeid pågår og teknisk kjem attende med ny melding så snart dei veit meir. Me oppmodar i mellomtida dei som framleis har vatn om å bruke minst mogeleg.


Sist oppdatert: 15.02.2024
Publisert: 15.02.2024